Thursday, March 28, 2013

Pryd Kommitent: LovelyME Designs

Pryd DA har ulike nivåer av medlemskap i vårt kollektiv. Denne spalten er resevert våre kommitenter – medlemmene som leverer varer til vår bedrift, men ikke har anledning til å jobbe fysisk i butikken. Dette er vår måte å inkludere medlemmer i kollektivet som ikke nødvendigvis bor i Trondheim og omegn. Er du interessert i å bli kommitent hos oss? Send en forespørsel til prydbutikken@gmail.com med kontaktinfo for din kreative bedrift.

Pryd DA er MEGET stolt over å ha masse fint fra LovelyME Designs i vår butikk!

Linda forteller mer om LovelyME Designs:

 

IMG_3450

IMG_3452

IMG_3457

LovelyME

LovelyMe1

LovelyME3

 

LovelyME Designs namnet er ein kombinasjon av kallenamnet eg fekk når eg studerte i England - Lovely, og fornamna til jentene mine. M for storeprinsessa og E for lisjeprinsessa.

I 2005-2009 budde eg og mannen min i Seattle, USA, og i løpet av den tida vart storeprinsessa vår fødd. Ein dag var eg og prinsessa mi innom ein children consignment shop og der såg eg dei skjønnaste hårklemmene som eg falt pladask for. Det var prinsesser, dyr, søte sløyfer forma av bånd... Sånn flaks at prinsessa mi vart fødd med masse hår!!!

Eg har alltid likt å lage ting. Då eg var lita kunne eg sitje i timesvis med saks, lim, papir, nål, tråd - you name it. Når eg no fekk ei lita jente så trengde eg ein kreativ hobby som ikkje tok for lang tid før eg såg resultater (er ikkje verdens tolmodigste, og prinsessa likte ikkje lange lurar), ikkje brukte for mange ting (raskt å rydde unna når ho våkna) og som resulterte i noko søtt - helst til den fine prinsessa mi. Så då vart det hårklemmer.

Dei første hårklemmene eg laga var ganske enkle og nøytrale. På gata i Seattle vart eg ein gong stoppa av ei ung dame som syntes hårklemma til prinsessa var så fin og satt så godt. Ho hadde veldig tynt og glatt hår, omtrent samme som storeprinsessa, og ho lurte på kvar eg hadde kjøpt den. Det endte med at ho gjekk den eine veien med hårklemma i håret, og eg og storeprinsessa gjekk heimover for å lage ei ny - eller ti.

Etterkvart har også lisjeprinsessa komt til verden, og hårklemmene har blitt fleire og meir avanserte. Jentene er flinke til å inspirere meg og kjem med idear om kva dei vil eg skal lage. Dei måtte sjølvsagt ha Tingeling i håret når vi såg filmen på kino. Ellers 'må' dei ha hårklemmer som passar til høgtider og årstider - marihøner om sommaren, snømann til jul og raudt, kvitt og blått til 17. mai. Her ein dag fekk eg beskjed av storeprinsessa at ho måtte ha ei stor, lilla hårklemme så ho kunne matche lillakjolen sin...

Alle hårklemmene er håndlaga av meg, dei har no-slip-grip så dei skal sitje godt i håret og ikkje skli av så lett under leik, og endane på bånda er varmebehandla så dei ikkje skal rakne.

Eg seljer også hårklemmer på www.epla.nohttp://epla.no/shops/lovelymedesigns/

Og du er hjarteleg velkomen til å kikke innom LovelyME Designs si Facebookside; http://www.facebook.com/pages/LovelyME-Designs/120792964678043

Venleg helsing

Linda